Valle Fiskeadministrasjon – VAFA

VAFA er ei samanslutning av grunneigarlag i Valle kommune. Formålet er å få flest mogeleg fiskevatn i kommunen på eit fiskekort og å samordne kultivering for grunneigarlaga.

 

Kartbeskrivelse

Avstander til Valle, km:

Kristiansand 150.
Arendal 170.
Stavanger over Suleskard 150.
Haukeligrend 90.
Bergen 290.
Oslo 285.

Valle i Setesdal

Valle kommune midt mellom aust og vest i Sør-Noreg, 150 km frå kysten. Med eit areal på totalt 1265 km2 og meir enn 130 km2 vatn har Valle kommune god plass til dei som kjem hit for å oppleve natur og fiskelykke.

Naturen er kupert og variert, og vekslar frå kulturlandskap i dalbotnen til høgfjell og nutar. Hovuddalen ligg i retning nord-sør. Her renn Otra som har si kjelde mellom Haukelidgrend og Hovden og munnar ut ved Kristiansand.

Elva deler kommunen i to; austheia og vestheia. Både aust- og vestsida av dalen har gode fiskevatn. Setesdal Austhei og Vesthei ligg jamt over mellom 800 og 1000 m.o.h. I Rjuvenområdet på Vestheia er det fleire toppar over 1400 m.o.h. På Austheia er Ljomsnuten den høgaste med 1268 m. Valle kommune har ca. 1200 innbyggjarar. Det er to senter i kommunen, Rysstad og Valle. Kommuneadministrasjonen ligg i Valle.

MittFiske.no AS – Postadresse: Haugvegen 14, 4353 Klepp Stasjon – Tlf: 465 24 032   –    Copyright (C) 2016-2018 : Mittfiske.no AS