Hjem | Om VAFA | Fiske i Otra | Fjellvatna

Fjellvatna

Fiske i fjellvatna i Setesdalsheiene med fiskekort fra Valle Fiskeadministrasjon (VAFA)

 

Aure på 2-3 kg i Nutevatn, kilofisk i Hevatn og i mange andre VAFA-vatn. Fiskekvaliteten vert stadig betre. Kalking har fått fisk tilbake i fisketomme vatn.

 

Bilde fra fiske i Valle Fiskefangst  

Setesdal austheia

På austheia er det og fleire gode fiskevatn. Vatnet lengst aust, Fisstøylvatnet i Finndalen kjem ein lettast til ved å kjøre frå Kleivegrend i Fyresdal. Siste biten er bomveg til Torsdaldammen i sørenden av Fisstøylvatnet.Til vatna i søraust kjem ein lettast ved å køyre bomveg frå Bjørgum til Bjørgedalen eller bomveg frå Hovet til Gjerdestøyl. Mange høgdemeter og mykje tid og sveite spart. Dalsidene i Setesdal er både dryge og bratte. Det er grei parkering i enden av alle desse vegane.

Setesdal vesthei

Store delar av vestheia er det som tidligare var Njardarheim Veidemark. Eit 1 000 000 mål stort område i Setesdal, Sirdal og Suldal. Fiskevatna ligg på rekke og rad.I sør er det lettast å kome til frå FV 337, Brokke – Suleskardvegen. DNT Sør har merka løyper og fleire hytter i vestheia. Frå Berg i Valle er det også greit å kome til vestheia. Køyr frå RV9 sør for Valle til Berg. Her kan ein velje å parkere ved bommen eller betale for å køyre endå endå eit par kilometer. Eit par hundremeter frå parkeringsplass startar løypa til DNT Sør mot Stavskard og Bossbu.

MittFiske.no AS – Postadresse: Haugvegen 14, 4353 Klepp Stasjon – Tlf: 465 24 032   –    Copyright (C) 2016-2018 : Mittfiske.no AS