Hjem | Om VAFA | Fiske i Otra | Fjellvatna

Fiske i Otra

Otravassdraget er regulert i mest heile si lengde frå kjelda i fjellet mellom Haukelid og Hovden til Vennesla nord for Kristiansand.
Det er gratis fiske i Otra.

 

I Valle kommune er terskelbasseng det mest synlege etter kraftutbygginga. I terskelbassenga er tilgroing av krypsiv eit stort problem. Her kan tilhøva vere ganske håplause. Der det er stryk og meir fart i vatnet er tilhøva betre. Spolormen – eustrongylides – er og eit problem i Otra. Problemet er varierande men størst i terskelbassenga. På det verste er fisken beint fram ufyseleg. På det beste fri for parasittar og raud og fin i kjøtet som heiefisk.


Garnfangst frå Otra i Valle

Aure (Salmo trutta)

Det mest talrike fiskeslaget i Otra. Aure fins i heile fiskelaget sitt område. Vanleg vekt er 100-500 g. Kvart år vert det fanga aure på 1-4 kg. Eit prosjekt som prøver å få den unike byglandsfjordbleka (ein relikt laks) – til å vandre til Hallandsfossen i Valle ser ut til å gjeve resultat.

Ørekyte (Phoxinus phoxinus)

Ørekyte dukka opp i Otravassdraget på 1980-talet. Ein reknar med at det er fiskarar som har nytta kyte som agn og tømt ut det som var til overs. Sidan har ufisken spreidd seg nedover elva. I terskelbassenga kan det vera store mengder. Det er derfo viktig å ikkje bruke ørekyte som agn.

Spreiing til fjellvatn vil vere ei katastrofe.

Ørekyta er ein liten karpefisk som sjeldan blir større enn 10 cm. Han gjeng ofte i stim på grunt vatn, og likar seg godt der det er varmt og ein del vegetasjon. Ørekyta kan bli svært talrik, og er ein alvorleg næringskonkurrent for småaure.

BRUK IKKJE LEVANDE FISK SOM AGN!

 

MittFiske.no AS – Postadresse: Haugvegen 14, 4353 Klepp Stasjon – Tlf: 465 24 032   –    Copyright (C) 2016-2018 : Mittfiske.no AS